Audbjørg Gjerde Lippert

Fødested: Tomrefjord i Romsdal | Bosted: Tomrefjord
Jeg har gjennom mange år skrevet romaner. De handler om pilegrimsvandring, sorg etter brå død, døde personer som går inn i nåtiden med sine historier, oldemors dramatiske liv, dynamikken mellom mennesker etc etc. Disse ligger også som e-bok på Skotte.no....

Jeg har gjennom mange år skrevet romaner. De handler om pilegrimsvandring, sorg etter brå død, døde personer som går inn i nåtiden med sine historier, oldemors dramatiske liv, dynamikken mellom mennesker etc etc. Disse ligger også som e-bok på Skotte.no.

I høst kom min første barnebok ut: “Isfjellfamilien” (Olla Forlag). Det er en bok som tar for seg skjønnheten i arktiske strøk, men som også formidler sårbarheten der. Boken berører miljøspørsmål som forurensning og hvaler med plast i magen, men uten å moralisere. Mer en vekker for å sette i gang tankeprosesser hos ungene. Den har vært på markedet en måned, og jeg har vel allerede solgt ca 200 bøker, noe jeg synes er flott.

Jeg holder også på med en bok som heter “Utendørs i nordvest”, – et sambeidsprosjekt med Olla Rypdal. Boken kommer ut i oktober 2018. Ellers har Jeg drevet med litt forskjellig i livet, arbeidet i nasjonale og internasjonale organisasjoner og banker i tillegg til å jobbe som ungdomsskolelærer. Har fagkretsen nordisk, fransk, kristendomskunnskap og spansk.

Følg Audbjørg Gjerde Lippert i sosiale medier!

Utgivelser

Isfjellfamilien (2017)

Skal hvalene spise plast? Skal magen deres bli full av plast i stedet for mat? Isfjellfamilien bor i Isfjorden langt, langt mot nord. Den er ren og vakker som det klareste glass. Her leker isfjellbarna...
Sjanger: Barnebøker Språk: Norsk bokmål Type: Papirbok

Fra benken i Saigon til katedralen i Santiago (2010)

Er den moderne pilegrimen en turist? Pilegrimsvandring til Santiago de Compostela er den ytre rammen i denne romanen. Synne Solvik vandrer langs Camionen uten at hun helt vet hvorfor. Er hun turist eller pilegrim? Eller...
Sjanger: Romaner Språk: Norsk bokmål Type: Papirbok

Tomme stolar talar (2009)

Veksling mellom andre verdskrig og notida. Ein dag i adventstida får Liv eit oppdrag som snur opp ned på kvardagen. Tre døde slektningar kjem tilbake og ber henne skrive om livet deira på slutten av...
Sjanger: Romaner Språk: Norsk nynorsk Type: Papirbok

Bøker under arbeid

utandørs i nordvest

Forord Eit bokprosjekt kan i enkelte tilfelle sjå ut til å starte noko tilfeldig. Det gjeld så absolutt denne boka. Eit foto på Facebook av eit fiskemåltid ved fjorden sette det heile i gang. Ein...

Forord
Eit bokprosjekt kan i enkelte tilfelle sjå ut til å starte noko tilfeldig. Det gjeld så absolutt denne boka. Eit foto på Facebook av eit fiskemåltid ved fjorden sette det heile i gang. Ein blå tallerken på ein duk av snø på eit bord ved ein fjord var utgangspunktet. Sjåar og avsendar møttest like etter til ein middag, og resultatet blei eit bokprosjekt, – Utandørs i nordvest.
Sidan har det blitt reiser rundt til ulike stader i Møre og Romsdal gjennom eit år. Tolv bygder eller byar har vi besøkt, ein stad kvar månad. Vi har ikkje tatt omsyn til vêr og ytre forhold, men har ønskt å vise korleis vi har opplevd denne staden nettopp den dagen vi var på besøk. For oss har det vore viktig å vise store delar av Møre og Romsdal både i ytre og indre strøk. Fire stader frå kvar av delane Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre vart plukka ut.
Vi trur ikkje vi er dei einaste som har inntatt eit måltid ute i det fri. Vi trur heller ikkje at vi er dei einaste som har reist rundt og tatt bilde av vakker natur, eller som har avtalt møte med menneske ein gjerne vil treffe og slå av ein prat med. Vi har møtt personar innan ulike kulturfelt: musikk, teater, malekunst, museum, heimeindustri, innvandringsmiljø, vindyrking, ja, til og med sanseverda til hundar har vi prøvd å få med på eit av besøka våre.
Men vi har hatt ein tanke om at kombinasjonen av eit enkelt måltid utandørs og møte med menneske som på ulikt vis har noko å formidle om staden, kan vere interessant.
Utandørs i nordvest er altså inga kokebok, heller inga reiseskildring eller faktabok. Vi håper først og fremst dette vil bli ei bok det gir gode opplevingar å bla i, ei bok der ein kan følgje årstidene med ulike stemningar: blått, matt vinterlys, vårens skarpe skinn, sommaren med tidleg morgonlys og lange, lyse kveldar eller haustens klare luft som speglar varme fargar og sterke kontrastar.
Utandørs i nordvest ønskjer å vere ei opplevingsbok der lesaren/sjåaren er med på ei reise i bilde og ord gjennom dette allsidige og naturskjønne fylket i nordvest.

Oktober 2018
Olla Rypdal
Audbjørg Gjerde Lippert

Se mindre
Sjanger: Fagbøker