Kjøp bøker i bokhandelen
Salg!

Amulettmysteriet

kr 229,00 kr 199,00

Boktype:
Kategori:
ISBN:
978-82-690941-0-7
Språk:
Norsk nynorsk
Forlag:
Olla Forlag
Utgitt:

Beskrivelse av boka

Anna er saman med mor og far på båttur. Dei har kome til Ørnøya – ei lita, roleg øy. Så roleg at Anna tenkjer det må vere den aller kjedelegaste staden i heile verda å feriere på.
Saman med Kaspar Bullterrier går Anna på tur, det er det einaste dei kan finne på.

Men så hender det underlege ting på øya. Kven er det som gøymer seg ved det gamle fraflytta fyret? Og kven er det som bryt seg inn i huset til Esther, den nye venen til Anna, og kvifor?

På pensjonatet Havgløtt bur det gjestar som tydelegvis har noko å skjule.
Samtidig får vi vite at det skjer mystiske ting i byen Brazzaville i Republikken Kongo. Kan det som skjer der ha noko med det som hender på Ørnøya å gjere?

Når Siri og Erik også kjem til øya blir det fart på sakene, og snart er Anna og dei to venene hennar midt oppi eit spennande mysterium der ein gammal amulett spelar ei viktig rolle.

Leseutdrag

                                         KAPITTEL 14

 

                                               FANGA!

 

Anna, Siri og Erik ventar ei stund, men ingenting hender – amerikanaren har tydelegvis gått tilbake til rommet sitt, og dei to svartkledde er også borte. Dei tre tobeinte og den firbeinte  kjem fram frå gøymestaden og går tilbake mot båthamna. Kaspar er godt fornøgd med å sleppe å vere i ro lenger, og hoppar og sprett ved sida av Anna.

 

I hamna er foreldra til Siri og Erik klare til å dra til byen. Dei har berre venta på Siri og Erik så dei skulle få pakke med seg det dei treng for ei natt. Det er gjort i ein fart, og Siri og Erik lempar kvar sin liten ryggsekk over rekka på båten. Mens dei startar motoren og løyser fortøyningane, formanar dei Siri og Erik om å vere greie – og ha det kjekt. Veslebror Lars står med flytevesten sin på dekk og vinkar, mens mora held han godt fast. Snart er dei på veg ut av hamna.

 

Foreldra til Anna vil gå ein tur og spør om det er noko spesielt dei skal kjøpe på butikken til dei tre venene som skal vere i båten om kvelden. Dei blir einige om at pizza, som dei berre treng å varme opp, må vere bra.

 

Når foreldra til Anna også er borte, går Anna inn i båten og hentar kikkerten.

«Vi må passe på kva som skjer. Kanskje den sinte mannen igjen har tenkt seg bort til huset no når Esther er borte!» seier Anna. Dei blir einige om å halde «kikkertvakt» kvar sin gong, slik at dei andre kan gjere andre ting.

«Spele kort eller yatzy for eksempel?» spør Siri. Erik tek første kikkertvakta, mens Anna og Siri finn fram kortstokken og nokre spel frå eit skap i styrhuset. Kaspar legg seg rett ut på ein varm solflekk på dekk.

Det er godt og varmt – sola skin – og Anna tenker at dette heilt sikkert er mykje betre enn å vere i Syden. No har ho til og med nokon å vere saman med – og spennande ting skjer akkurat her dei er! Venene har blitt einige om at dei i alle fall ikkje skal seie noko om alt dette merkelege til foreldra no, for då får dei heilt sikkert ikkje lov til å vere aleine i båten, utan vaksne, denne kvelden.

«Berre det ikkje blir farleg»! seier Anna. Ho kjenner seg litt engsteleg, sjølv om det er aller mest spennande.

«Klart det ikkje er farleg», seier Siri. «Vi skal då ikkje gjere noko – berre følgje med på kva som skjer!»

Men tida går utan at det hender noko. Dei spelar og held kikkertvakt på skift. Annas foreldre kjem tilbake til båten med pizza og anna godt barna skal få kose seg med til kvelden. Både mor og far er i godt humør og gler seg til kvelden på Havgløtt. Mor tek på seg ein fin, blåblomstra kjole, og far finn fram ei lyseblå sommarskjorte.

«Kom straks til Havgløtt om det er noko!» seier mor.

«Men kva i all verda skulle det vere?» spør Anna.

Mor og far ler litt.

«Vi veit du ikkje er så lita lenger, Anna – og no har du dessutan nokon saman med deg, så det går nok bra!» smiler far.

«Og du kan ringe, sjølvsagt!» seier mor. «Eg har med telefonen min!»

Anna skundar seg å kople telefonen sin til ladaren.

Mens Siri har kikkertvakt og Erik tek Kaspar ein liten luftetur på land, varmar Anna pizza. Dei et og kosar seg, men gløymer ikkje å skifte på å halde utkik.

 

«No skjer det noko!» roper Erik, som akkurat no har kikkerten. «Han er på veg mot huset til Esther!»

«Kom igjen», seier Siri, «vi må følgje etter og sjå om han har tenkt å gjere noko!»

Anna får på Kaspar bandet i ein fart, og dei skundar seg ut på brygga og bortover stien etter mannen. Dei kan ikkje sjå han lenger, men dei reknar med at han skal til Esther sitt hus. Det er berre éin veg å gå, og den fører dit. Eller også til fyret.

Då dei kjem bort til Esthers hus, blir dei litt rådville. Dei ser framleis ikkje noko til mannen. Men Erik er heilt sikker på at det var amerikanaren han såg i kikkerten, og at han var på veg hit. Dei snakkar litt fram og tilbake og finn ut at dei skal dele seg i to lag. Anna og Kaspar skal gå til fyret, og Siri og Erik skal vente ved huset. Dei trur ikkje han har gått til fyret, men dei vil sjå etter, berre for å vere sikre.

 

Anna og Kaspar går nedover stien. Anna angrar seg allereie, ho er ikkje sikker på om dette er så lurt. Ho skulle ha snakka med mor og far om dette likevel, tenker ho. Men ho rekk ikkje tenke meir, for no har Kaspar fått snusen i noko. Han trekkjer i bandet og dreg alt han klarer, og før Anna får tatt eit endå betre grep om bandet, har han slite seg og spring av garde, med snuten godt plassert mot bakken! Anna kan ikkje rope, for tenk om den sinte mannen er der og høyrer henne! Men ho spring det fortaste ho klarer etter Kaspar. Kaspar hastar i veg rett bort til fyret – og inn gjennom døra! Anna spring så ho kjenner metallsmak i munnen, og hjarteslaga kjennest som dei fyller heile kroppen. Ho kjem bort til døra, opnar henne – og ser inn. Det er mørkare der inne enn ute, så Anna må vente litt til auga har vent seg til det dunkle lyset, og til ho får pusten igjen. Ho ser ingen ting, berre trappa som går oppover i fyret. Ho går forsiktig mot henne, og to steg opp i trappa høyrer ho ein lyd: det er Kaspar som klynkar! No er det ingen ting som stoppar Anna. Kaspar må ha hjelp! Ho høyrer ikkje kvar lyden kjem fra, og blir ståande rådvill ei lita stund. Men så spring ho opp trappene til ho kjem til avsatsen der det første rommet er. Døra inn til rommet står open – ho held pusten og går forsiktig inn.

Med eit brak slår døra igjen bak henne. Ho høyrer eit knepp i låsen i det nøkkelen blir vridd rundt på utsida av døra. Det dunkar inni henne – Anna tenkjer at hjartet slår så hardt at det må kunne høyrast gjennom veggene. Det er mørkt, ho kan knapt skimte det som er i rommet. Anna spring mot døra, riv og slit i handtaket, men døra rikkar seg ikkje!

«Slepp meg ut! Lås opp!» roper ho. Ikkje ein lyd trengjer inn gjennom den stengde døra. Skoddane for vindauget er også stengde. Vindauget er høgt oppe på den glatte veggen, og ho når ikkje opp utan å stå på noko. Om ho hadde fått opp vindauga, visste ho at ho ikkje kunne ha klatra ut. Rommet er for høgt oppe på veggen, midt på fyret, halvvegs opp vindeltrappa mot toppen.

Anna er redd, så redd at det suser i øyra. Ho set seg ned, prøver å puste roleg, prøver å tenke.

«Eg må ut, eg må finne Kaspar!» Anna held pusten igjen – ho har høyrt ein svak lyd, og der høyrer ho lyden igjen – det høyrest ut som eit hundebjeff…

 

Samtidig står Siri og Erik utanfor huset til Esther. Dei ser framleis ikkje noko til mannen og veit ikkje kva dei skal gjere. Men dei finn ut at dei skal gøyme seg bak buskene i hagen, like innanfor porten. Dei ventar ei stund, men dei blir snart urolege. Kvifor tek det så lang tid før Anna og Kaspar kjem tilbake? Og kvar er mannen? Dei blir kviskrande einige om at dei vil gå til fyret og sjå etter Anna og Kaspar. Dei skal akkurat til å krype fram frå gøymestaden då dei høyrer ein svak lyd, som om ei dør knirkar. Dei ser mot huset.

«Sjå», kviskrar Erik, «det er lys der inne!» Dei stirer mot huset,  og no kan begge sjå ein svak lysstråle som flyttar seg rundt. Det har blitt såpass skymt ute at det nok er temmeleg mørkt inne, så den som er der, må ha lys for å sjå.

«Han torer sikkert ikkje slå på taklyset, for då ville alle kunne sjå at det er nokon der», kviskrar Siri.

«Men korleis har han komme seg inn?» undrar Erik. «Han kan då ikkje ha gått forbi oss!”»

«Ååå, at vi ikkje har tenkt på det», utbryt Siri, «ein kan komme inn i hagen også frå baksida av huset – det kan hende han har gått inn gjennom eit vindauge eller ein kjellarinngang på baksida! Vi skulle ha sjekka alle dører og vindauge før vi gøymde oss!»

No kryp dei forsiktig fram frå buskene og listar seg så stilt dei kan, rundt hushjørnet. Dei hukar seg ned og kryp stilt forbi vindauga på stua. På baksida snik dei seg forbi trappa ned til kjellaren. Dei ser at kjellarlemmen står open, men døra nedanfor trappa inn til sjølve kjellaren er stengd. Så ser dei det: eitt av vindauga står ope! Det må ha blitt brote opp! Dei listar seg bort og kikar forsiktig inn.

Plutseleg kjenner begge eit kraftig grep om armen sin, og før dei rekk å rope, blir dei skubba hardt ned i kjellartrappa! Med eit brak blir kjellarlemmen slått igjen, og dei høyrer noko tungt bli dratt og plassert oppå han. Siri reiser seg, kjenner at ho er like heil, men litt øm i armen etter det harde grepet.

”Har du vondt nokon stad?” spør ho Erik.

Erik er også på beina, men er ok, seier han. Det er heilt mørkt der nede i kjellarholet. Dei famlar seg opp trappetrinna og prøver å dytte opp lemmen, men det er uråd. Dei roper alt dei kan, men ingen svarer.

 

 

 

 

 

                                           KAPITTEL 15

 

                              PHILIPPÉ FÅR EIN GOD IDÉ

 

Samtidig i Brazzaville:

 

Philippé får auge på den sveitte skjorteryggen til Prince litt framme i folkemylderet. Han skundar seg etter, må innimellom dytte folk unna for å halde tritt med dei raske stega til Prince. Av og til får Philippé sinte rop etter seg når han har komme borti nokon. Men han snur seg ikkje, spring berre vidare, han må ikkje miste Prince av syne.

 

No har dei komme inn i ein del av byen som Philippé ikkje kjenner. Tronge, støvete jordgater, lave murhus, butikkar, salsboder, og høg musikk fra barane dei kjem forbi. Philippé prøver å finne kjennemerke langs vegen – eit hus han kan kjenne igjen, ei spesiell gate, eit gjerde. Han er litt redd, men han kan ikkje gje seg no! Dei kjem forbi ein stor marknadsplass, full med boder av alle slag. Inn i stadig nye gater. Prince rundar eit hushjørne – og når Philippé spring rundt det same hjørnet, kan han ikkje sjå Prince nokon stad. Det tyder på at Prince må ha gått inn i dette huset, tenker Philippé. Han går over på den andre sida av gata for å sjå huset betre. Det ser ut som det er ein lagerbygning av eit eller anna slag. Bygningen ser falleferdig ut. Den store døra er stengd. Nokre vindauge langs husveggen er dekte til med fillete teppe på innsida. Men ut frå eitt av vindauga siv det ut litt lys fra ein sprekk. Philippé ser seg rundt. Denne gata ser heilt forlatt ut. Det ser ikkje ut som nokon av desse falleferdige bygningane er hus som nokon bur i, og han ser heller ingen folk i nærleiken. No går Philippé bort til vindauget det sivar lys ut frå. Det er høgt oppe på veggen, så han ser seg rundt etter noko å stå på. Heile tida gløttar han mot inngangsdøra i fall Prince plutseleg skulle komme ut. Men ingen kjem, og alt er stille. Det ligg nokre mursteinar i ein haug ved døra, men ikkje mange nok til å bruke dei som trapp. Litt lenger borti gata ser han ein gammal sykkel. Han går fort bort til han, trillar han med seg bort til vindauget og stiller han opp mot veggen under det. Han håper inderleg ikkje den som eig sykkelen, plutseleg dukkar opp. Sykkelen er vaklevoren, dekka punkterte, men han gjer nytten. Philippé klatrar forsiktig opp på han og når akkurat opp til sprekken lyset kjem ut frå. Han myser inn i det opplyste rommet. Der ser han onkel Maurice! Det var vel det han visste – han hadde hatt heilt rett når han trudde at Prince ville føre han til staden der onkelen var fanga! Onkel Maurice sit på ein stol, og både hendene og føtene er bundne fast med tau så det er uråd for han å komme seg laus. I taket heng det ei lyspære, på veggen midt imot vinduget er det ein skiten vask og ei dør som er open ut mot ein mørk gang. No ser han Prince også. Han travar rundt i rommet, viftar med hendene og roper – utan at Philippé kan høyre kva han roper. Onkel Maurice ristar på hovudet, gong på gong.

Philippé har sett nok – no må noko gjerast! Lynraskt hoppar han ned frå sykkelen, trillar han tilbake dit han fann han, og legg på sprang tilbake den vegen han og Prince hadde gått. Philippé har ein plan! No er han glad han hugsar så godt, han veit akkurat kvar han skal springe, han kjenner igjen husa og retninga, og snart er han på den store marknaden. Han veit at på slike marknader går det alltid politi rundt for å passe på og hindre at nokon stel frå bodene. Hjartet dunkar hardt i brystet på Philippé. Han lit ikkje på at politiet vil høyre på han, eller langt mindre tru på han, så han har ein annan plan enn å gå rett bort til politiet og snakke med dei. Fort spring han bort til ein av bodene der dei sel klokker.

«Kom og kjøp flotte gullklokker!» ropar seljarane. Alle veit at det ikkje er ekte gullklokker, men dei roper det likevel. Philippé passar på at seljarane får auge på han, og så strekkjer han handa fram og rappar til seg ei av klokkene og spring. No blir det styr! Seljarane roper og skrik. Ein av dei spring etter Philippé – og snart dukkar det opp to politimenn i uniformer som begge legg på sprang etter Philippé. Det er akkurat dette Philippé har håpt på. Han er rask til beins, ein av dei raskaste gutane på skolen, så han passar på å springe såpass sakte at forfølgjarane halar innpå. Han spring same vegen tilbake til lagerbygningen. No er han ved døra. Sjøvsagt er ho låst, men Philippé grip fort ein murstein frå haugen han hadde sett sist han stod ved døra. Han slår med all si kraft mot døra og låsen og greier å slå låsen sund. Døra opnar seg på vidt gap, Philippé spring inn, med seljar og politi i hælane på seg. Han spring gjennom den mørke gangen og rett inn i rommet der onkel Maurice sit bunden, og Prince står forskrekka og stirer på han. Politiet er der i same sekund og får heilt andre ting å tenkje på enn ei klokke! Dei skjøner straks kven dette er. Prince er tydelegvis ettersøkt overalt. Politiet grip tak i han og set på han handjarn. Den eine politimannen kallar opp næraste politistasjon på radioen han har med seg, mens den andre frir onkel Maurice frå taua, og Philippé kan endeleg gje onkelen sin ein god klem.

 

 

 

 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Amulettmysteriet”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *