Kjøp bøker i bokhandelen

Birgers odyssé

kr 280,00

Boktype:
Kategori:
ISBN:
978-82-690941-2-1
Språk:
Norsk nynorsk
Forlag:
Olla Forlag
Utgitt:

Beskrivelse av boka

«Så høyrer han det. Den lyden han berre så vidt har ana, no høyrer han lyden tydeleg. Han kjem nærare og nærare. Det er nesten som ein slags pustelyd. Han kjenner kalde ilingar nedetter ryggrada. Birger fomlar etter lykta, skrur ho på og lyser rett mot noko som rører seg mellom stalaktittane!»

I «Birgers odyssé» møter vi Birger, ein gut med mange interesser, som samlar på mykje: steinar, fossil, gamle bein – og historier.

Han undrar seg over kva som finst i havet, i lufta, på jorda, inni jorda, i isen, under isen….
Han undrar seg også over historiene folk før oss fortalde for å forklare korleis alt hang saman. Spennande historier om fabeldyr og sjømonster. «Fins dei?» undrar Birger.

I denne boka er Birger på ei lang reise. Før han og foreldra reiser, finn han tippoldefar Ole si dagbok. Tippoldefaren var med på kvalfangst i Sørishavet.

Samtidig med at Birger opplever forskinga og vitskapen om jorda vår og isen i Antarktis på nært hald, og les om tippoldefar Oles opplevingar på kvalfangst, lagar han si eiga bok om sin eigen spennande odyssé i fantasien.

Leseutdrag

                                              DAGBOKA

Spindelveven klistrar seg fast i håret til Birger. Då han opnar døra og lyser inn med lommelykta, ser han støvet ligge som eit teppe over alle tinga som er stabla på golvet. Kasser oppå kvarandre, gamle kister med krunglete skrift på loket, støvete frakkar på klesstativ. Birger er på loftet. Dit er det ikkje ofte nokon av dei går; der stablar dei berre vekk alt dei ikkje har bruk for. Far samlar på alt, ingen ting kan kastast.

«Alt har ei historie», seier far, «alt kan komme til nytte».

Birger veit akkurat kva han skal sjå etter.

Det er nokre dagar sidan han sto i døra og lytta til det mor og far snakka om. No har dei fortalt han kva som skal skje. Han skal få bli med dei på ein ekspedisjon. Både mor og far har fått tilbod om å bli med på dette oppdraget, og om Birger vil, skal han altså få vere med! Dei skal til Antarktis!

Birger veit allereie ein heil del om Antarktis. Han veit også at tippoldefar Ole var på kvalfangst då han var ung – han var maskinist på ein båt som fanga kval i Sørishavet.

Tippoldefar Ole lever ikkje lenger. Men far har sjølvsagt tatt vare på alle tinga til tippoldefar. Lengst inne på loftet finn han kassene hans.

 

Det luktar gammalt støv. Birger ser og kjenner på alt han finn. Ein kikert, ei tobakkspipe, eit par briller. Hovudet blir fylt av bilde: tippoldefar Ole i storm på havet, når han skriv brev til dei heime, når han arbeider i maskina på båten.

 

På botnen av kista ligg det ein stein. Ein spesiell stein. Ein slik har ikkje Birger sett før. Det ser ut som det er hogd ein bit av steinen, for inni kan han så vidt sjå at det ligg ein annan stein, ein bitteliten stein som blinkar og gneistrar. Kan det vere ein edelstein? Under steinen ligg ei bok. Boka er fylt med tippoldefar Oles fine handskrift. Det er ikkje så lett å lese slik skrift, men Birger skjøner at det er ei dagbok. Tippoldefar har skrive om alt som har hendt på reisene i Sørishavet.

Denne kvelden ligg Birger lenge og  les med lommelykta, mens den vakre steinen ligg på skrivebordet.

 

Bilder fra boka

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Birgers odyssé”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *