Kjøp bøker i bokhandelen

Det gamle slottet

kr 229,00

Boktype:
Kategori:
ISBN:
978-82-690941-4-5
Språk:
Norsk nynorsk
Forlag:
Olla Forlag
Utgitt:

Beskrivelse av boka

«Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys, ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggane i det gamle slottet.
Plystring frå ein kjent song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort…»
Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm!
Er det brannalarm? Tjuverialarm?
Anna må finne mor og far, ho strammar bandet til Kaspar. I bandet er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar. »

Dette er den andre boka i serien om Anna og hunden hennar Kaspar.
Denne gongen er dei i Frankrike, i ein liten borgby ved Middelhavet. På toppen av denne borga ligg det eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko – og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit nytt mysterium.
Parallelt med dei mystiske hendingane Anna opplever, møter vi Bastien, ein gut som bur i denne borga i tida rundt den franske revolusjonen. Bastien får eit oppdrag.
Anna og Namira, ei jente ho blir kjent med i den vesle borgbyen, gjer ei oppdaging i det gamle huset Namira bur i – ei oppdaging som blir til god hjelp når dei til slutt nøstar opp i slottsmysteriet.
Men først held vi pusten av spenning saman med Anna, Kaspar og Namira mens dei kjem ut for farar og utfordringar.

Leseutdrag

  1.                              INNESTENGT

 

Kaspar reiser bust, flekker tenner og knurrar svakt. Anna kjenner hjartet dunke hardt. Ho ser på Namira og Kasim som står stivna som to saltstøtter.

«Fort, vi må gøyme oss!» kviskrar Anna.

«Men kvar?» spør Namira desperat. I lyset frå mobilen kan Anna sjå dei redde auga hennar. Anna tar tak i bandet til Kaspar med den eine handa og armen til Kasim med den andre.

«Fort, bak døra!» kviskrar ho. Lynraskt spring dei bort til veggen med døra som går inn i rommet. Dei står tett saman, heilt inntil veggen. Dei torer knapt puste.

«Berre Kaspar klarer å vere still!», rekk Anna å tenke før døra glir heilt opp og stoppar nokre centimeter frå kroppane deira. Dei klemmer seg endå tettare saman, i skjul bak den opna døra.

Ei lyskjegle frå ei lommelykt streifar rundt i rommet. Anna høyrer at nokon pustar fort. Så høyrer ho lyden av raske steg over steingolvet, deretter ein skrapande lyd som ho ikkje skjøner kva kan vere. Igjen dei raske stega over steingolvet før døra dei gøymer seg bak, blir slått hardt igjen. Det blir heilt mørkt. Rett etter kjem lyden av slåa som stengjer døra – frå utsida. Namira og Anna slår på mobillyset samtidig.

Dei ser forskrekka på kvarandre. Anna tar tak i dørhandtaket, men døra går ikkje opp. Dei røskar i døra etter tur, men veit at det ikkje går. Dei hadde alle høyrt lyden frå slåa.

«Det er ikkje muleg å få opp døra når slåa er for på utsida!» seier Namira. Kasim har tårar i auga.

«Det kjem til å gå bra, vi skal komme oss ut!» seier Anna. Ho seier det for å trøyste Kasim, men ho er slett ikkje så sikker sjølv. Begge jentene gir Kasim ein klem, og det ser ut til å hjelpe litt.

Det er mørkt i rommet, så dei ser ingen ting utan lyktene på mobilane.

«Sjå der!» seier Kasim. «Bildet er vekk!»

Han har rett. Ei tom bilderamme ligg no slengt på golvet.

«Han har sjølvsagt henta maleriet,» seier Namira. «Vi sa han ville komme tilbake for å hente det!» Ho hugsa den skrapande lyden ho hadde høyrt då ho stod bak døra. Det var sikkert tjuven som hadde skore lerretet med maleriet ut av ramma med ein kniv. Det var sjølvsagt mykje enklare å få med seg maleriet når det var rulla saman enn med ei stor, firkanta ramme rundt.

«Ja, men eg trudde ikkje han kom snart!» seier Anna.

«Han har sikkert tenkt som vi, at det er lettast å stikke seg unna når det er mykje folk overalt. Han visste heilt sikkert om TV-opptaket i dag og meinte det var smart å snike seg inn då!» seier Namira.

«Det er i alle fall sikkert at det var han», held Namira fram, «han veit nok ikkje sjølv at han plystrar på den songen heile tida! Den må verkeleg ha festa seg i hjernen hans»

«Vi må ringe nokon som kan få oss ut herifrå,» seier Anna, «og varsle museet om tjuven!»

Ho skal til å ringe til mor, men ser straks at det ikkje er dekning på telefonen. Det er det heller ikkje på Namiras telefon. Det er det sjølvsagt ikkje her langt nedi ein slottskjellar under jorda.

Anna kjenner tydeleg sine eigne hjarteslag, harde og raske.

«Eg må ikkje få panikk!» seier ho inni seg, mens ho prøver å puste så roleg ho kan.

«Det er ei dør til!» seier Namira. «Det må gå an å komme seg ut der!» Ho lyser mot døra som er på motsett vegg av døra dei kom inn. Dette er også ei lav tredør.

«Ho ser solid ut,» seier Anna, «men vi må prøve!» Den tunge døra sit heilt fast i karmen. Det er tydeleg at ho er stengd frå utsida.

Dei prøver på alle måtar å få opp døra. Der er eit nøkkelhol, men ingen nøkkel. Døra ser ikkje ut til å ha vore opna på mange år. Ho rikkar seg ikkje.

Dei dunkar og hamrar med knyttnevane i begge dørene til knokane blir raude og såre. Dei roper om hjelp til stemmene blir håse. Men ingen høyrer dei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Det gamle slottet”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *