Kjøp bøker direkte fra forfatteren

Mangt eg minnes 2

kr 230

Boktype:
Kategori:
ISBN:
9788269107449
Språk:
Norsk nynorsk
Forlag:
Accantus forlag
Utgitt:

Beskrivelse av boka

En ny bok fra Britt Hagesæter , der hun fortsetter å mimre fra sin barndom. Leik, ferjer, radiolytting og bygdekino, mennesker ho møtte, yrker som er borte og hverdagshendelser fra kjernefamilien på 8, sett fra eldstemanns synspunkt. En lesverdig bok med mange minner fra 50-tallet i en fjord nær Bergen.

Leseutdrag

17.mai

  1. skreiv eg om i første boka mi, men her er ein ny og utbetra versjon, om slik me feira dagen i ungdomshuset på Leiknes.

Men dagen starta litt før. Me lærde om dagen på skulen, om 1814, då me fekk grunnlova og vart fri frå danskjen, om Henrik Wergeland som stifta dagen, såg svartkvittbilete av  1905 då kong Håkon vart kongen vår og steig i land på Honnørbrygga i Oslo med vesle kronprins Olav på armen. Me lærde om tyskjen som tok landet i frå oss, og gleda  over å vera fri att. Det var jo berre 8-10 år sidan.

Men førebuinga fortsette. Me teikna norske flagg etter mål, og prosesjon og vårlauv. Me lærde Vi ere en nasjon vi med, og kjende byrgskapen over å vere ein del av dette landet. Me var ikkje utanfor, men med!  Så lærde vi utanåt Gud signe vårt dyre fedreland  og” Fagert er landet, og det seig inn at- vil Gud ikkje verja folk og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja,” ein lærdom som sit enno. Vi lærde  Ja vi elsker, alle versa, og dermed identifiserte vi oss med den sterke historia, Noregshistoria i kortform.

Vi var ute og marsjerte, stilte opp to og to, og lærde korleis ein gjekk i prosesjon, å halde plassen i toget, og gå nokolunde i takt. Flagga skulle haldast høgt, og ikkje subba i grusen! Vi kunne gå i tog då dagen kom.

Mødrene våre førebudde festklede, og det gjævaste var jo om me jentene kunne gå i bunad, eller nasjonal, som det heitte i min barndom. Med faldeskjørt, vest, skjorte og forkle, belte og brystduk. Ein heimelaga variant av Hardangerbunaden, men du kor fine me kjende oss! Eg hadde arva ein brystduk med nokre perler på, og fekk etterkvart mor sitt perlebelte. Du verda kor fin eg kjende meg den dagen!  Men ho som strauk 4 skjorter og 4 forkle, og syrgde for at nasjonalen passa frå år til år, ho hadde nok ei kort natt mellom 16. og 17.mai.

Me hadde kvite strømpebukser og sløyfe i håret, i alle høve dei første åra. Seinare fekk Anne og eg perlebroderte huver til bunadane våre. Då var me enno finare!

Bygda var etter gamalt delt i to dalføre, og heitte Dalebygden. Seinare, etter 1949, vart ho knytt til Hillesvåg med bru og veg, og dei som budde der vart tettare knytt til det som føregjekk på Leiknes.

Men fjorden var framleis viktig for kommunikasjonen, og me høyrde til kommunen Hamre, som låg på båe sider av Osterfjorden

Så dei dagane det var gudsteneste ved Hamre kyrkje, var det mange som reiste dit først, og så tok prosesjonen til når folk kom heim att. Seinare starta han i 11-12 tida, og gjekk anten frå Mundal og til ungdomshuset, eller frå Hodnesdalen og til ungdomshuset.

Den som bar flagget stod fremst, så stilte skuleungane opp, klassevis, og til slutt kom dei vaksne under fana til ungdomslaget. Det hende einkvan spela trekkspel, og ein gong sat spelaren til og med på ein stol på lastekarmen på ein bil, men stort sett var det lokale songarar som starta songen, og me andre fall inn. Me kunne jo songane! Tre gonger tre hurra ljoma, spesielt når vi møtte dei som var seint ute til prosesjonen, og barnevogner og eldre som slutta seg til toget dei siste hundre metrane.

Flagga vaia, og nysprunge lysegrønt lauv kransa dalen, og kvitveisen og engkarsen blømde. Dei sette ei vakker ramme om dagen.

Målet var altså ungdomshuset, eit lite hus ikkje langt frå kaia, bygd på 30-talet, med lakka veggar og golv,  med ein liten gang til å henge frå seg klede, kjøkken i kjellaren, ei lita scene og utedo.

 I våre dagar eit lite uanseeleg hus, den gongen stort og innhaldsrikt. Det var pynta for høvet, med avhogne ungbjørker kring inngangsdøra, og  små norske flagg  i kross i lauvet. Den vesle gangen til å henge frå seg klede i hadde to -tre trebenker utan ryggstø, og inne i sjølve salen var det pynta med bjørkelauv, flagg og ungbjørk.

Dei fleste sat på trebenker utan ryggstø, men så vid eg hugsar var det nokre benker fremst som hadde rygg. Ei lita trapp leidde opp til scena, der det var duka bord kring 3 av veggene, med kvit papirduk og norske flagg. På andre langveggen var det trapp ned til kjøkkenet, som var i kjellaren. Der koka dei rømmegraut eller ertersuppe, alt etter som menyen var det året. Angen av nytrekt kaffi siva etter kvart ut til folket i salen.

Det var program, med  Ja, vi elsker,  Fagert er landet, Gud signe vårt dyre fedreland og  Å, eg veit meg eit land, og enno fleire. Ein og annan gongen underheldt skuleungane, eller  nokon las dikt. Ja, så må vi ikkje gløyme prologen, skriven av lokale diktarar og lesen med skjelvande stemme og mykje fedre-landspatos. Talen for dagen var lang og innhaldsrik, med tilbakeblikk på den stolte Noregshistoria, på tyskjen og hans fall, og gode voner for framtida. Ispedd litt fromme tankar om Vårherre om talaren var frå den kanten, eller litt meir allment framtidsvon om talaren var frå frilyndte krinsar. Så avslutta me med 3 gonger tre hurra, og eit leve for konge og fedreland, og meir song og dikt.

Det tok lang tid. Me ungane tykte det, og venta på slutten av programmet. Men me var godt oppdregne, så det var berre dogang som var god nok grunn for å gå ut. Men om ei skulle, så var det fleire som fylgde for selskaps skuld, og for å passe på at ingen kom uventa inn på utedoen. Det var utedo, med hol, fluger og lukt og tynt dopapir, som det seg hør og bør. Vi gjekk vel ikkje alltid raskaste vegen inn att, heller.

Så kom serveringa, der dei vaksne sessa seg rundt borda på scena, og vart servert frå kjøkkenet gjennom ei luke under scena. Me ungane hadde brus med, og Tomkjeks. Ettersom eg vart eldre, vart det meir vanleg å kjøpe både is og brus.

I 1956, det året tvillingane vart fødd, sydde mor bunad, eller nasjonal, til dei fire eldste .Ho kjøpte blondar  i byen, og sydde 4 skjorter og 4 forkle. Me fekk  like nye sko, brukte foldeskjørt, og Synnøva Mundal sydde 4 liv.

Eg arva  brystduken etter mor og perlebeltet etter tante Stina. Med søljer på. Anne har den einaste sølja i halsen, og dei 3 minste har sløyfer i håret, som det høvde seg ein slik dag.  Det er teke eit bilete frå den store dagen  utanfor ungdomshuset, og viser labbar utanpå strømpene og ålar i sokkane. Men fine var me!

Når maten endeleg var fortært, starta leikane. Ungdomshuset låg tett ved vegen, og han  brukte me til dei ulike aktivitetane. Det var ingen bilar som køyrde att og fram i den tida. Det var vel 2-3 bilar i bygda i det heile.

Vi brukte vegen når me sprang 60 meter på tid, hadde stafett gutar mot jenter, og dei vaksne sprang og. Så trekte me tau, først gutane mot jentene , og seinare dei vaksne. og det var om å gjera at ikkje laget vart trekt over midtstreken. Eit år var det fotballkamp med utkledde spelarar, der dei involverte braut regel etter regel, til stor glede for tilskodarane. Størst jubel vart det då ein tok ballen i skjørtet og bar han  i mål!

Vi gjekk på stylter, hoppa lengde og høgde, og kosa oss med resten av brusen og kjeksa. Det var premieutdeling, der alle fekk premie, men første- og andrepremien alltid var litt gjevare. Kanhende eg hugsar det så godt fordi eg alltid fekk trøstepremie. Eg var ingen atlet(-inne) Ei høgtideleg avslutning inne i huset, med litt underhaldning og allsong, sjølvsagt songar om fedrelandet og historia vår, og Gud som passa på oss.

Det var feiring i dei to bedehusa på kvelden, og av og til dans i ungdomshuset.

Men for oss barna var dagen slutt. Vi gjekk heim, slitne og trøytte, men tilfredse etter ein lang dag.

Dagen fortsette den 18, i alle høve for den som hadde skule. Me gjekk i nasjonal på skulen den 18, og hadde med saft, brus og kjeks. Me leika litt 17. mai i friminuttane, og tok såleis vare på dagen litt lenger. 17.mai var trass i alt ein dag vi hadde gledd oss til lenge!

Seinare fekk  eg  bunadshuve frå Hardanger-bunaden. Men sølje fekk eg ikkje før til konfirmasjonen. (Dette var før Norhordlandsbunaden vart teken i bruk).

 

    

Bygdekinoen

Det stod plakatar på oppslagstavler og stolpar. Det skulle vere Bygdekino i ungdomshuset på Hjelmås.  To førestillingar, ein for barn og ein for vaksne. Av og til var det aldersgrense 12 år på vaksenkinoen. Dei første åra var det ikkje så nøye med aldersgrensene, sidan vart det strengare.

Det galdt å få lov. Mor var streng. Det skulle vera bra filmar. Det hjelpte ikkje å kome med Davy Crockett der i garden. Men norske filmar fekk me gå på, og dei beste barnefilmane.

 Me gjekk eller sykla til Hjelmås. Det var vel ein times gonge, og det var ingenting, den gongen.

Den oransje Folkevognsbussen med Norsk bygdekino på sidene hadde alt kome, sjølv om me var tidleg ute, og filmframvisaren vart installert på galleriet. Høgtalarane vart sett opp, og vi betalte vel ei krone for å koma inn. Maskinisten hadde  pengeveske og reiv av billett til kvar enkelt.  Det var litt høgtideleg for oss ungane

Me sat på benker utan ryggstø, og storøygde fekk me med oss  Fjols til fjells, Toya, Heidi og Støv på hjernen. Av og til hadde me kjøpt med litt drops, karamellar eller halspastillar, men ofte nytte me ikkje medbrakt. Midt i filmen vart det ei lita pause. Maskinisten skulle skifta filmrull, for heile filmen gjekk ikkje på ein rull. Det var audio lyd, og av og til spraka det litt i høgtalarane, og det var striper på biletet i filmen. Men det gjorde ikkje noko. Me levde oss inn i plottet, og kunne snakke om det på skulen, eller ta det med i leiken og stilane våre. Heime var det ingen bilete anna enn i bøker og vekeblad. Me hadde ikkje TV, ikkje video, berre radio som baserte seg på høyrsla, ikkje syn. Difor var filmen ei fantastisk oppleving.

Svecon Film,   spela inn film på Hjelmås.. Det var ein 20 minuttars barnefilm med tittelen Gråpus som forsvann.  Handlinga var om ein kattunge vart borte fordi ungane ikkje var snille med han, og kor gutungane leita etter den bortkomne katten,  og så kom sjølvsagt pusen tilrettes att. Håkon og Liv Sandberg, som hadde hytte på Hjelmås, laga filmen, og gutungane deira hadde hovudrollane. Det var lokale statistar, og bilete frå naust, skog og utmark i bygda.

 Filmen vart mykje omtala, fekk gode kritikkar, og me ungane snakka mykje om den. Så vidt eg hugsar hadde Sandberg Film premiere på Hjelmås, og så vart han seinare vist på Bygdekinoen. Folk gjekk mann av huse, for dette var ei storhending på vesle Hjelmås. Eg ser enno føre meg ei scene frå filmen, der vesle Gråpus tuslar i steinane utanfor eit naust på Hjelmås.

Bygdekinoen var og  er ein omreisande kino, som viser fersk film i deler av Norge som ikke har ordinær kinodrift. Visningslokala er varierte og ber på mykje historie: samfunnshus, grendehus, skoler, kulturhus.

Han førde filmen til utkantane, og ein fekk sjå kvalitetsfilmar på ein stad nær deg. Audio lyd og bilete med varierande kvalitet, men den store verda var nær, i eit ungdomshus på Hjelmås på 50-talet.

 

 

 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Mangt eg minnes 2”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

0