Kjøp bøker i bokhandelen

Mangt eg minnes

kr 200,00

Boktype:
Kategori:
ISBN:
978-82-691074-0-1
Språk:
Norsk nynorsk
Forlag:
Accantus forlag
Utgitt:

Beskrivelse av boka

Korleis var det å vekse opp i ei lita bygd på Vestlandet på 50- talet?
Mor var heime, far var på arbeid.
Fjorden var riksveg 1, skulen var fådelt, og skulevegen gjekk ein til fots.
Utmarka var leikeplass, og leiken skapte meistring.
Vi gledde oss til merkedagar og høgtider, og besøkte slekt,

Leseutdrag

Håkjerring

Vi hadde fleire fiskarar i bygda, folk som kombinerte småbruk med fiske,  og  pensjonerte sjømenn som fiska, og selde fangsten i nærmiljøet eller til bydn.

  Martin på Flossvika,  dreiv ålefiske, og elles fiska sild eller makrell eller kva som sesongane  elles kunne by på. Han selde til Salslaget i Bergen, og det hende ikkje sjeldan at far leverte ålekassar for han på Salslaget ute i Sandviken.

 Bernt i Røiskattlia fiska, og det gjorde også Ole Vik. Dei var rett som det var utpå, og det er ikkje få fiskehanker me kjøpte hjå han Ole i min oppvekst.

 Kven av dei som var med på denne hendinga hugsar eg ikkje, men dei var utpå fjorden og fiska, og då fekk dei napp. Det var ein svær fisk, og dei streva lenge, fordi han drog meir enn dei kunne halde att.  Det såg ut som fisken ville dra dei til havs, og dei snakka om å kappe lina, men så var det trassen som tok over, og dei bauta og sleit, og fisken roa seg litt etter litt. Denne fisken er kjend for å bevege seg seint, men sterk er han nok. Dei kom til lands ved kaia på Leiknes, og tok utysket i augesyn:

Det var ei diger håkjerring!

 Det er ei haiart som går djupt, og så store eksemplar  skulle eigentleg ikkje finnast i Osterfjorden, men det gjorde han altså.

 Eg hugsar ho var stor, stygg, brunflekket og ikkje noko for auga, akkurat.

 Folk gjekk nesten mann av huse for å sjå på kjempefisken. Då rutebåten Oster dagen etter heiste han ombord, hang fisken frå vinsjen og ned på dekket. Båten fløytte då han for, og dagen etter stod det bilete på førstesida  i Bergens Tidende av håkjerringa hengande i krana ombord  i kolabåten.

 Så vidt eg minnes vog fisken 600 +. Kjøtet er ikkje menneskefor, men levra var mykje verd.

Vesle Leiknes var sett på kartet ei kort tid, og me ungane snakka mykje om hendinga, om fiskarane, fisken  og ikkje minst at biletet kom i avisa!

 

 

Ormen lange

Det var den tida då folk ennå trudde at kultur betydde kultivering, at sivilisasjon betydde utrydding av rovdyr, og ormen kraup på jorda som straff frå Gud.

 I 4. klasse lærde eg å forsvare meg mot hoggorm i natufagstimen, og læraren teikna på tavla og illustrerte – Når hoggormen kjem krypande, skal du slå han ihel. Du kan bruke ein stav, men det sikraste for ungar er å bruke to steinar. Den første kastar du på ryggen hans, for då kan han ikkje reise seg og bite, og den andre kastar du på hovudet, og då er han daud. Deretter sparkar du han utfor vegen, og er det ei maurtue i nærleiken kan du bere han på ein staur, og legge  han dit. Han teikna både steinar og orm, så lærdommen sat.

 Sumaren var varm og fin, riktig ein sumar for hoggormen. Me hadde flytta til Flossvika sumaren før, og der hadde det vore eine og ur, riktig eit eldorado for giftormar. Far sprengde tomt og rydde land, men det var enno litt eine og urd i utkanten av tomta, og eit steingjerde der beista nok trekte seg tilbake for å sondere terrenget, og sjå om sivilisasjonen var varig. Det var den nok, og 4 ungar syrgde for liv og røre. Veret var varmt, og sjøen var nedanfor, så ormen søkte dit, for å kjøle seg.

Ein dag vi var ute, kom ein krypande over vegen. No var tida for å prøve ut lærdommen i praksis! Eg kommanderte småsøsken på avstand og fann kjapt ein stein. Den råma der den skulle, midt på ryggen, og dyret freste utan å kome vidare. Stein nr. to råma og der den skulle, og hoggormen var daud. Han kunne ikkje formeire seg, ikkje bli fleire. Ein orm mindre, eit problem mindre. Han vart skuva forsiktig ut i veggrøfta, der han etterkvart var borte. Eg var dagens helt blant sysken og andre mindreårige!

 Ein annan gong kom eg opp Sudmannsbakken då eit svart stort utyske kravla over vegen. Sikksakkstriper og det heile, så eg kasta sykkelen og fann steinar. ( i den tid var det grusveg og vegkantar med store steinar. Bilar var og sjeldan, så sykkelen låg trygt). Same prosedure as before:  Hoggormen avlei, og eg var sigerherre! Eg stod ikkje på hovudet hans, for han kunne jo leve framleis, og eg hadde sandalar og tynne labbar. Men det var ei maurtue ved vegen, og eg fann ein stokk og kasta den oppi. Neste dag var det berre nokre beinrestar att. Ingen sorg, ingen saknad, berre glede over ein overvunnen fiende : )

 Som sagt, sumaren var varm. Eg tok ca. 10 ormar det året, og har alltid seinare kjent på meistringsfølelsen det gav ( Sorry naturvernarar, det er sant! Give me the child until it is seven, and I will give you the man, seier Aristoteles).

 Når vi skulle plukke bær, gjekk vi i ormens rike. Gummistøvlar og tjukke leistar, og vi trampa litt når me gjekk. Det var tryggast å vera fleire, for då høyrde ormen lyden og forsvann. Ja, for den skulle vera feig.  Ja, til og med katten var til trøyst om han fylgde oss. Fordi den var minst, ville ormen ta han først, trudde me.

 Me fortalde kvarandre historier som var heilt sanne om kjerringa som raka attmed eit tre, og plutseleg kom det dettande levande, fresande ormungar från ovan.. Hoggormen hadde klive opp i treet for å føde. I vår fantasi var ungane store og klart til å bite. Då var dei  ikkje feige, men offensive.

 Vart du biten, skulle du skjere i bitet, syge og spytte ut så mykje som mogleg av gifta, og gå sakte til næraste busetnad, fordi om du skunda deg ville gifta gå fortare rundt i systemet, og du kunne dø. Vi hadde høyrt at hadde du hol-tenner ville gifta gå inn att i systemet, og du kunne krepere. Det verserte også fleire soger om folk som kom til doktor med ormebit i siste liten, eller at dei døde på vegen. Dei vart blå, vart det sagt.  Jau, hoggormen var ein fiende, og det var eit fiendskap mellom hans ætt og vår ætt.

 I fjerde klasse lærde vi og om Tor og Midgardsormen. Tor var jo ein helt. Eg høyrde at nokre gutungar var ute og rodde på sjøen, då ein hoggorm kom symjande. I motsetning til Tor, som lyfte ormen sin opp, prøvde dei å dukke ormen under vatnet med åra. Litt dramatikk vart det då ormen prøvde å snurre seg rundt åra, men dei rista han av, og han enda livet sitt i dei våte jaktmarkene. Stor sigersfest for dei involverte. Ingen syrgde!

 

Nyttårsaftan

Vi ungane gledde oss til nyttårsaftan.. Den siste kvelden i året skulle me nemleg gå julebukk. I folkeleg tradisjon har denne skikken røter tilbake til førkristen tid, der ein slakta ein geitebukk ved vintersolkverv for å sikre grøda neste år. Seinare vart det ein tradisjon som kunne vera bunde til Lucia, oskoreia eller julenissen. Før var ein i følget utkledd med dyrehovud, horn og dyrefell, og såg skremmande ut.

  Ulike land hadde ulike skikkar.

Halmbukken med raude band som mange har som julepynt den dag i dag, er eit symbol på julebukkskikkar frå Sverige.

 I Noreg har det utvikla seg ein skikk der ungane går utkledde frå hus til hus i romjula, syng og får godteri.

  Så langt eg veit, er dette å gå julebukk på  nyttårsaftan ein skikk ein finn berre i Bergen og på strilelandet.

  Planlegginga starta tidleg, og vi  la opp ruter. I byrjinga var det helst besteforeldra og naboane me besøkte, seinare utvida me området, og dei siste åra gjekk me heile bygda, både Dalebygden, Hillesvåg og like til Hopsdal. Utkledninga vart nøye planlagt. Dei privilegerte hadde nissemaske, me andre trekte ein nylonsokk over hovudet, og så malte mor oss med fargar frå maleskrinet. Raud trut, fargar i kinn og svart over augo. Vi var fine syntest me sjølv. Det var om å gjere å ha nøytrale klede, så islendarar, gamle jakkar etter far eller mor, kjolar og skjørt etter mor, og huver som ikkje me bruka kvar dag. Nokre kostyme krov pute på magen. Me måtte ha nett eller veske med, for noko av vitsen med turen var jo nettopp å sanke inn så mykje godteri, julekaker og frukt som mogeleg. Derfor vart jo området utvida di eldre me vart, også!

 Vi gjekk i små flokkar på 4-6 personar, og trefte me nokon på vegen, slo vi oss ofte saman. Nokre stader opna folk ikkje for nissane, men dei fleste hadde klar ein liten sjokolade til kvar, eller ei småkake eller kva det måtte vera.  Vi helste, vinka, neia og bukka når døra vart opna. Nokre bad oss inn, og ville ha ein samtale om kvar vi kom frå eller kvar vi skulle, og då var det om å gjere å gjere seg grov i målet når ein svara, slik at naboen ikkje skulle finne ut kven ein var. Noko dei sikkert  gjorde likevel, ettersom dei nok hadde sett kjolen til mora vår før. Det sikraste var å peike, nikke eller riste på hovudet når ein vart spurt om noko. Me song ikkje, det eg hugsar.

 Eg hugsar at i Myrane vart me bedne inn, og der fekk me nokre ruter Freia kokesjokolade innpakka i smørpapir. Andre gav frukt, gjerne eit eple frå hausten, som hadde teke til å få skrukker. Men mest gjekk det i karamellar, småsjokoladar og småkaker.

Det var mørkt etter vegane, med nokre vegalys eller utelys frå husa som lyste opp. Gjekk me gjennom utmarka hadde me med lommelykt, om ikkje  månen lyste veg.  Var det turrafrost, måtte me passa oss for svedl, men veret kunne vera snø eller regn, som no.

 Dei siste åra var fortenesta stor, og varde i fleire dagar. Vi delte litt med småsøsken, men i det store og heile gjekk godteriet i eigen buk. Mageknip? Men det gjekk over. Me kosa oss med utbytet, og såg alt fram til neste år, og planla utkledning, utrustning og kven me skulle besøkje. Ikkje å undre seg over at nyttårsaftan stod høgt i kurs hjå oss ungane!

 

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Mangt eg minnes”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *