Kjøp bøker i bokhandelen

Tubakrisa

kr 199,00

Boktype:
Format:
E-bok
Kategori:
ISBN:
978-82-691219-3-3
Språk:
Norsk nynorsk
Forlag:
Samarkand
Utgitt:

Beskrivelse av boka

Kan ein familie komme seg til Amerika ved hjelp av hekla spagetti? Og kor mange flybillettar kjøper ei trettenbarnsmamma som berre kan telje til tolv? Bli kjend med familien Storeblom. Ein streng og tubaspelande pappa og ei heklande mamma som trur ho har tolv ungar, men eigentleg har tretten.
Tubakrisa er ei barnebok til lutter underhaldning. Ingen pekefinger, og ingen underliggande moral. Artig for ungane, og også for dei vaksne.
Historia er bygd rundt Esmeralda Storeblom, som har ei utprega evne til å hekle seg ut av vanskelege situasjonar. Men å syrgje for nok flybillettar til 13 ungar – det fiksar ho ikkje. Tubakrisa er første bok i serien om Storeblomane.
(Papirutgåva er tilgjengeleg hos alle bokhandlarar)

Leseutdrag

Kapittel 1

Kor mange barn har vi?

Esmeralda Storeblom hadde tretten barn, men ho sa alltid at ho hadde tolv. Problemet var at Esmeralda berre kunne telje til tolv, så ho trudde faktisk at ho hadde tolv barn.

Ada var tretten år og høyrde til blant Storeblom-ungane. Ada syntest det var ganske trøblete med ei mor som berre kunne telje til tolv. Men verkeleg krise vart det først da alle søskena vart inviterte til Amerika – og Esmeralda sørgde for flybillettane.

Pappaen til Ada, Didrik Storeblom, var tubalærar på Kroken skole, og tubamusikk var det vakraste lærar Storeblom visste om. Derfor måtte alle elevane vere med i skolens store tubaorkester, gjere mange tubalekser og halde ut lange tubaøvingar. Hadde Didrik Storeblom fått bestemme, så hadde Kroken skole vore ein rein tubaskole. Men dessverre måtte elevane lære litt matematikk og språk òg.

Amerika-turen handla òg om tuba. Den styrtrike amerikanske dama Ivana Truttel-Dutt hadde invitert alle som spelte tuba på Kroken skole, til å besøke tubapalasset hennar i Amerika.

Storeblom-barna vart overlykkelege over invitasjonen til Amerika. Endeleg skulle dei få delta på noko spennande på grunn av tubapappaen sin. Men så begynte planlegginga.

– Det kjem aldri til å gå bra, sa fireåringen Karlomine dystert.

Karlomine var eigentleg for lita til å gå på skole, men ho var veldig klok. Didrik hadde teke henne med til skolen frå ho var to år, før ho klarte å bere sin eigen tuba. No gjekk ho i sjette klasse, der ho hjelpte lærarane med å svare på vanskelege spørsmål.

– Er det nokon som ikkje har lyst til å vere med, kanskje?

Ada spurde forsiktig ut i lufta, sjølv om ho visste at dette var krise. Ungane hadde samla seg til familieråd i det gamle, morkne vedskjulet i hagen. Fedrar skulle ordne med pakking, og mødrer skulle ordne med billettar, hadde dei fått beskjed om. Mamma Esmeralda hadde kvitra fornøgd at ho personleg hadde meldt frå til fru Truttel-Dutt at ho trong tolv flybillettar til dei tolv tubaungane sine.

Vedskjulet var lite, så dei vagla seg som best dei kunne mellom vedkubbar, verktøy og gamle målingsspann. Ante, som var femten år og oppkalla etter hovudpersonen i ein gammal barne-TV, hadde komme sist og sat pressa inn i vindaugsposten for å få vere med.

– Pass, sa Tamarine ulykkeleg. – Vi treng tretten pass òg.

Tamarine var tvillingane Tamar og Trine. Sjølv om dei var gut og jente, var dei prikk like. Ikkje eingong mamma Esmeralda klarte å sjå forskjell, derfor sa ho Tamarine til begge. Dei var tynne som sytrådar, og no som dei sat tett saman på ein hoggestabbe, var det nesten vanskeleg å sjå at dei var to.

– Ja, stemte Dulilja i.

– Vi treng både tretten pass og tretten flybillettar.

Ho sukka og fortsette kviskrande.

– Kva om vi for éin gongs skyld seier til mamma at vi treng tretten …

– NEI!!!!

Eit unisont, einstemmig brølande nei kom frå alle dei andre. Éin gong hadde Didrik nemleg prøvd å snakke med Esmeralda om tretten.

– Kva om vi hadde hatt tretten barn, hadde han spurt litt sånn tilfeldig ut i lufta, mens han pussa energisk på tubaen sin med ein poleringsklut.

– Tretten? Du veit at det er eit ulykkestal, ikkje sant?

Mamma Esmeralda hadde pusta fort ut og inn mens ho snakka høgare og høgare.

– Alt går gale når ein kjem til tretten, kvein ho.

– Tretten er skummelt, skingra stemma. – Tretten fører til ulykke. Eg vil ikkje høyre meir snakk om tretten.

Ho hiksta etter pusten mens store tårer spratt ut av auga hennar, og Didrik måtte leggje frå seg tubaen og hente lommetørklede.

Seinare samla han saman alle ungane og snakka alvorleg.

– Eg trudde Esmeralda lei av dyskalkuli eller taldysleksi, begynte han.

– Er det farleg? Blir vi smitta? lurte Ada på. Ho hadde veldig lyst til å vere heime frå skolen nokre dagar.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Tubakrisa”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *