Halvard Mikal Sæbø

Fødested: Stavanger | Bosted: Eidsvoll
Lektor ved Eidsvoll videregående skole og tidlegare journalist i NRK som skriv fleire bokprosjekt og bloggar. Oppvaksen på Halsnøy i Sunnhordland, budd tjue år i Vadsø, Aust Finnmark og nå busett ved Frilset, sør for Eidsvoll. Utdanning i media, sosialantropologi,...

Lektor ved Eidsvoll videregående skole og tidlegare journalist i NRK som skriv fleire bokprosjekt og bloggar. Oppvaksen på Halsnøy i Sunnhordland, budd tjue år i Vadsø, Aust Finnmark og nå busett ved Frilset, sør for Eidsvoll.

Utdanning i media, sosialantropologi, musikk, norsk og pedagogikk. Har tatt forfattarstudie ved Universitetet i Tromsø og master i digital kommunikasjon og kultur i Hamar. Masteroppgåva handla om roman i blogg, om kommunikasjon mellom forfattar, lesarar og karakterar.

Er engasjert i forskjellige musikk og skriveaktivitetar, blant anna;

Innerst i skogen – http://innerstiskogen.blogspot.no
Tankar frå ei reise – http://reisetankar.blogspot.no
Lektrisk – http://lektrisk.blogspot.no
Daap – https://soundcloud.com/user-362217573

Teacher, former radio journalist, writes several book projects and blogs.
Education: Media, social anthropology, music, Norwegian, pedagogy, author study, master in digital communication and culture. Thesis about novel in blogs and communication between writer, readers and characters.
Involved in various music and writing projects.

Blogs:
Deep inside the forest – http://deepinsidetheforest.blogspot.no
The dream of an electric car – http://dreamelectricblog.wordpress.com

Følg Halvard Mikal Sæbø i sosiale medier!

Bøker under arbeid

Godtegnomen

Godtegnomen sit i ei lita hule, under jorda, i ein skog, saman med Godtekona og lagar godteri. Det smakar mykje betre enn butikkgodteriet. Jobben hans er å legge ein liten sekk med dette godteriet i...

Godtegnomen sit i ei lita hule, under jorda, i ein skog, saman med Godtekona og lagar godteri. Det smakar mykje betre enn butikkgodteriet. Jobben hans er å legge ein liten sekk med dette godteriet i utkanten av skogen, til born som har geburtsdag. Dei to er særleg glad i ein gut som heiter Mikael, fordi han feirer burtsdagen kvart år i ein gapahuk ved skogen.
Samstundes er Godtegnomen veldig redd ungane som er i dette geburtsdagsselskapet. For dei lagar eit forferdeleg leven i skogen. Så han gruer seg veldig til den dagen i året når han skal levere godtegnomsekken utan at nokon skal klare å fange han.
Og denne gongen går det gale, då han i panikk spring frå villstyrige ungar, langt bort frå den trygge gnomehola.

Bilete: Halvard Mikal Sæbø

project – Childrens book
The Candy Gnome sits in a small cave in a forest with his wife, making his own special candy. The flavour of this candy is much better than what you buy in a shop. He puts his candy in a small sack outside the forest to every child who celebrate their birthday. The gnomes are extra fond of a boy named Mikael, who every year celebrate in a shelter near the forest.
At the same time the Candy Gnome is very afraid of the noisy children in the party, because they make a terrible noise, and they always try to catch him. This time it goes wrong, when he in panic runs away from howling children, and finds himself far away from his safe cave.

Se mindre
Sjanger: Barnebøker

Magiske tonar

Fem unge menn spelar i eit rockeband og drøymer om verdsherredøme. Dei øver i eit gammalt, lite hus medan spøkelsa etter to besteforeldre sit på loftet. Etterkvart som dei får spelejobbar på små hotell og...

Fem unge menn spelar i eit rockeband og drøymer om verdsherredøme. Dei øver i eit gammalt, lite hus medan spøkelsa etter to besteforeldre sit på loftet. Etterkvart som dei får spelejobbar på små hotell og slitne serveringsstader, kjenner dei den fyrste smaken av suksess, i form av kvinner, øl og litt meir.
Men Lucifer har tilfeldigvis fatta interesse i gruppa. Han vil more seg ved å forfatte lagnaden deira.

Bilete: Hannah Elisabeth Bråten, AtelierHannahB.
http://atelierhannahb.com

Project – novel
Magic tunes
Five young men play in a rock band and dream about world domination. They practice in an old house in a remote area while two ghosts sits and listen to them in the loft. When the group get to play in small hotels and dirty pubs, they feel the first taste of success, in the shape of women, beer and some more.
But Lucifer has paid them some attention. He wants to amuse himself by conducting their destiny.

Se mindre
Sjanger: Romaner

Dråpar

Ein ung mann etterlet brått sonen sin åleine ein sein kveld og drar lengst nord i landet for å jobbe på ein radiokringkastar, og for å få orden på livet sitt. Han møter ein natur...

Ein ung mann etterlet brått sonen sin åleine ein sein kveld og drar lengst nord i landet for å jobbe på ein radiokringkastar, og for å få orden på livet sitt. Han møter ein natur og eit folk som er sjokkerande annleis. Det store målet hans er å finne Svaret og å returnere sørover i triumf. Men desto meir han leitar, desto meir blir han sitjande fast i nord.

Bilete: Hannah Elisabeth Bråten, AtelierHannahB.
http://atelierhannahb.com

Project – novel
Drops
A young man suddenly leaves his little son alone one late night, and moves away, far north, to work in a radio station, and to straighten his life. He meets an Arctic nature and a people that is shocking different. His big goal is to find the big Answer, and to return south in triumph. But the more he searches, the more he becomes stuck in the north.

Se mindre
Sjanger: Romaner